søndag 10. januar 2010

Smeden og bakaren

På torsdag leste vi om eitt dikt av Johan Herman Wessel. Det handla om ein bakar og ein smed, som hamna i ein slåsskamp etter å ha drukke for mykje, og kampen enda med bakarens død. Smeden blei stilt for dommaren, men på grunn av at landbyen berre hadde ein smed, trong de smeden, og difor blei ikkje smeden henretta. 

Diktet verkar som ei historie putta inn i ei verseform, men likevel forstår ein innhaldet. Eg synest historia er temmeleg interessant, og stiller eitt spørsmålstekn ved korleis rettsystemet fungerar. Med "å rette bakar for smed" trur eg diktaren meinar at smeden hadde større verd for innbyggjarane enn bakaren, siden dei hadde to bakarar og berre ein smed. Difor trur eg dommaren så trongen for ein smed framfor å ta livet av smeden, for så å berre stå igjen med ein bakar.

1 kommentar:

  1. Hei!
    Du syner god forståing for innhaldet, Andreas! Nynorsken fungerer også greitt:-)

    Bjørnar

    SvarSlett